Konferansemeny

God mat er ein viktig del av opphaldet for kurs- og konferansegjestar, og ein stor del av totalopplevinga under ein konferanse. Me er stolte av å presentera vår velsmakande konferansemeny til hotellet sine kurs- og konferansegjester. Konferansemenyane vert skifta ut i takt med årstidene. På Stord Hotell set me matgleda i høgsetet og tilbyr ein meny med fokus på sesongen sine råvarer.

 

Konferansemenyen vert servert i vår restaurant, men det er sjølvsagt mogleg å nytte eitt av våre flotte selskapslokale om ynskjeleg.

 

Er det ynskjeleg med oppgradert konferansemeny, kan de saman med vår kjøkkensjef komponere ein eigen festmeny. Med fantastiske råvarer frå kjøkkenet inviterer me til ei smakfull mat- og vinoppleving som set prikken over i'en på ein handlekraftig dag.

 

Festmiddagen inkluderer eige lokale, servering og festmiddagsoppdekking med blomar og lys.

 

Velbekomme!

Takk for di henvending! Me tek kontakt snarast.

Vennligst fyll inn obligatoriske felt

Ein feil oppstod

Våre tilbod

Nyheitsbrev

Registrer deg for å motta nyhende og tilbod fra oss.